Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 9:21-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Då han drakk av vinen, vart han full og kledde av seg inne i teltet sitt.

22. Ham, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han fortalde det til dei to brørne sine, som var ute.

23. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la henne over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og dekte til den nakne far sin. Dei vende andletet bort så dei ikkje såg faren naken.

24. Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han,

25. sa han:«Forbanna er Kanaan!For brørne sine skal han veraden lågaste av slavar!»

26. Og han sa:«Velsigna er Herren, Sems Gud!Kanaan skal vera hans slave!

27. Måtte Gud gjera plass for Jafet.Han skal bu i Sems telt,og Kanaan skal vera hans slave.»

28. Etter storflaumen levde Noah endå 350 år.

29. Heile Noahs levetid vart 950 samfulle år. Så døydde han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 9