Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 9:1-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «Ver fruktbare, bli mange og fyll jorda!

2. Over alle dyra på jorda og alle fuglane under himmelen, over alt som rører seg på marka og alle fiskane i havet, skal det koma frykt og redsle for dykk. Dei er gjevne i dykkar hender.

3. Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.

4. Men kjøt som har liv i seg, det vil seia blod, skal de ikkje eta.

5. For dykkar eige blod og liv vil eg krevja dykk til rekneskap. Eg vil krevja kvart dyr til rekneskap, og eg vil krevja kvart menneske til rekneskap for livet til eit medmenneske.

6. Den som auser ut menneskeblod,ved menneske skal hans blod bli aust ut,for Gud laga mennesket i sitt bilete.

7. Men de skal vera fruktbare og bli mange,myldra på jorda og bli mange der!»

8. Så sa Gud til Noah og sønene hans:

9. «No vil eg oppretta mi pakt med dykk og etterkomarane dykkar

10. og med kvar levande skapning hos dykk, både fuglar og fe og alle ville dyr som er hos dykk, alle som gjekk ut av arka, alle dyr på jorda.

11. Eg opprettar mi pakt med dykk: Aldri meir skal det henda at alt kjøt og blod blir utrydda av vatnet frå storflaumen. Aldri meir skal det koma ein storflaum for å leggja jorda i øyde.»

12. Og Gud sa:«Dette teiknet set egfor pakta mellom meg og dykkog kvar levande skapning som er hos dykki komande slekter til alle tider:

13. Eg set bogen min i skyene,han skal vera eit teikn på paktamellom meg og jorda.

14. Når eg samlar skyer over jordaog bogen syner seg i skyene,

15. då vil eg koma i hug paktamellom meg og dykkog kvar levande skapning,alt kjøt og blod.Aldri meir skal vatnet bli til ein storflaumsom øydelegg alt kjøt og blod.

16. Når bogen syner seg i skyene,vil eg sjå han og koma i hug den evige paktamellom Gud og kvar levande skapning,alt kjøt og blod på jorda.»

17. Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg opprettar mellom meg og alt kjøt og blod på jorda.»

18. Sønene til Noah som gjekk ut av arka, var Sem, Ham og Jafet. Ham var far til Kanaan.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 9