Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 8:10-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka.

11. Då det leid mot kveld, kom dua til han. Og sjå, ho hadde eit grønt oljeblad i nebbet. Då skjøna Noah at det hadde vorte mindre vatn på jorda.

12. Og han venta endå sju dagar. Så sende han ut dua, og då kom ho ikkje att til han meir.

13. I det året Noah fylte 601 år, den første dagen i den første månaden, hadde vatnet tørka bort frå jorda. Då tok Noah taket av arka og såg ut. Og sjå, jordoverflata hadde tørka opp.

14. Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var jorda tørr.

15. Og Gud tala til Noah:

16. «Gå ut av arka, du og kona di og sønene dine og svigerdøtrene dine med deg!

17. Alle dyra som er hos deg, alt som lever, både fugl og fe og alt kryp som det kryr av på jorda, skal du ta med deg. Det skal myldra av dei på jorda, og dei skal vera fruktbare og bli mange.»

18. Så gjekk Noah ut saman med sønene sine og kona si og svigerdøtrene sine.

19. Og alle ville dyr og alt fe og alle fuglar og alt kryp som det kryr av på jorda, art etter art, gjekk ut av arka.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 8