Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 8:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alt feet som var med han i arka. Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga.

2. Kjeldene i djupet og slusene i himmelen vart stengde, regnet frå himmelen stansa,

3. og vatnet drog seg bort frå jorda litt etter litt. Då 150 dagar var lidne, byrja vatnet å minka.

4. Den syttande dagen i den sjuande månaden vart arka ståande på Ararat-fjella.

5. Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den første dagen i den tiande månaden kom fjelltoppane til syne.

6. Då førti dagar var lidne, opna Noah luka han hadde laga på arka,

7. og sleppte ut ramnen. Han flaug att og fram til vatnet hadde tørka bort frå jorda.

8. Så sende han ut dua for å sjå om det hadde vorte mindre vatn på jordoverflata.

9. Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og vende attende til han i arka, for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka.

10. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 8