Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 7:20-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde.

21. Då omkom alt liv som det krydde av på jorda, både fugl og fe og ville dyr og alt myldrande kryp på jorda, og alle menneska.

22. Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde.

23. Han utsletta alt som fanst på jorda, frå folk til fe, kryp og fuglar under himmelen, alt vart utsletta frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att.

24. Og vatnet fløymde over jorda i 150 dagar.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 7