Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 7:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For du er den einaste eg i denne tid har sett som er rettferdig for meg.

2. Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho saman, og av alle dyr som ikkje er reine, eitt par, hann og ho saman,

3. og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, for å halda kvar art på heile jorda i live.

4. For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og utrydda frå jorda alt som finst, alt eg har laga.»

5. Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han.

6. Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.

7. Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen.

8. Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka,

9. kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah.

10. Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda.

11. I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg.

12. Og det regna over jorda i førti dagar og førti netter.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 7