Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 6:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Herren sa: «Min ande skal ikkje for alltid bli verande i menneska, for dei er av kjøt og blod. Levetida deira skal vera 120 år.»

4. Det var kjemper på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.

5. Herren såg at vondskapen til menneska var stor på jorda, for alt dei ville og planla i hjartet, var vondt, dagen lang.

6. Då angra Herren at han hadde laga menneske på jorda, og han var full av sorg i hjartet.

7. Og Herren sa: «Eg vil utrydda menneska som eg har skapt, frå jorda, alt frå menneska til feet, krypdyra og fuglane under himmelen. For eg angrar at eg har laga dei.»

8. Men Noah fann nåde for Herrens auge.

9. Dette er slektshistoria til Noah. Noah var ein rettferdig mann, ein heiderleg mann i si tid. Noah vandra med Gud.

10. Han fekk tre søner: Sem, Ham og Jafet.

11. Men jorda vart forderva for Guds andlet. Ho vart full av vald.

12. Gud såg på jorda, og sjå, ho hadde vorte forderva, for alt det som menneska hadde gjort på jorda, førte til øydelegging.

13. Då sa Gud til Noah: «Eg vil gjera ende på alt kjøt og blod. For jorda har vorte full av vald på grunn av dei, og sjå, eg vil øydeleggja dei saman med jorda.

14. Lag deg ei ark av gofertre. Du skal laga fleire små rom i arka og tjørebre henne innvendig og utvendig.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 6