Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 6:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men med deg vil eg oppretta ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og svigerdøtrene med deg.

19. Av alt levande, alt kjøt og blod, skal du føra to av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal dei vera.

20. Av alle slag fuglar og alt slag fe og alle slag kryp på marka skal to av kvart slag koma inn til deg, så dei kan berga livet.

21. Du skal ta noko av alt som er etande, og samla det hos deg. Det skal du og dei andre ha å eta.»

22. Og Noah gjorde dette. Han gjorde alt det som Gud hadde pålagt han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 6