Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 6:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. No tok menneska til å bli mange på jorda, og dei hadde fått døtrer.

2. Då såg gudesønene at menneskedøtrene var vakre, og dei tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.

3. Herren sa: «Min ande skal ikkje for alltid bli verande i menneska, for dei er av kjøt og blod. Levetida deira skal vera 120 år.»

4. Det var kjemper på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.

5. Herren såg at vondskapen til menneska var stor på jorda, for alt dei ville og planla i hjartet, var vondt, dagen lang.

6. Då angra Herren at han hadde laga menneske på jorda, og han var full av sorg i hjartet.

7. Og Herren sa: «Eg vil utrydda menneska som eg har skapt, frå jorda, alt frå menneska til feet, krypdyra og fuglane under himmelen. For eg angrar at eg har laga dei.»

8. Men Noah fann nåde for Herrens auge.

9. Dette er slektshistoria til Noah. Noah var ein rettferdig mann, ein heiderleg mann i si tid. Noah vandra med Gud.

10. Han fekk tre søner: Sem, Ham og Jafet.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 6