Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 50:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kasta Josef seg gråtande ned over far sin og kyste han.

2. Og Josef baud at legane han hadde i si teneste, skulle balsamera faren; og legane balsamerte Israel.

3. Det tok førti dagar, for så lang tid tek ei balsamering. Og egyptarane gret over han i sytti dagar.

4. Då sørgjetida var over, sa Josef til dei som tente ved hoffet til farao: «Om de har velvilje for meg, så sei til farao:

5. Far min tok meg i eid og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg kjøpte meg i Kanaan. Lat meg difor få dra opp og gravleggja far min og så koma tilbake!»

6. Farao sa: «Dra berre opp og gravlegg far din, slik han lét deg sverja.»

7. Så drog Josef opp for å gravleggja far sin. Alle tenarane til farao, dei eldste i faraos hus og dei eldste i landet drog opp saman med Josef.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 50