Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 5:27-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Metusjalah levde i 969 samfulle år. Så døydde han.

28. Då Lamek var 182 år, fekk han ein son.

29. Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i vårt arbeid og i våre henders strev på den jorda som Herren har forbanna.»

30. Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer.

31. Lamek levde i 777 samfulle år. Så døydde han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 5