Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 5:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er boka om Adams slektshistorie. Den dagen Gud skapte mennesket, gjorde han det slik at det likna Gud.

2. Som mann og kvinne skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske den dagen dei vart skapte.

3. Då Adam var 130 år, fekk han ein son som likna han og var som hans eige bilete, og han kalla han Set.

4. Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.

5. Adam levde i 930 samfulle år. Så døydde han.

6. Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 5