Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 49:8-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Juda, deg prisar brørne dine,du har handa på nakken til fienden,sønene til far din bøyer seg for deg.

9. Ein løveunge er Juda!Frå byttet reiser du deg opp, son min.Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve,som ei løvinne – kven vekkjer han?

10. Septer skal ikkje vika frå Judaeller herskarstav frå føtene hanstil eigaren kjem,han som folka skal lyda.

11. Han bind eselet i vinstokken,eselfolen i den edle ranka.Han vaskar kleda sine i vin,kjortelen i drueblod.

12. Auga hans er mørkare enn vin,tennene kvitare enn mjølk.

13. Sebulon bur ved havsens kyst,kysten der skipa legg til,grensa hans går til Sidon.

14. Jissakar er eit velbygd eselsom ligg mellom to kløvkorger.

15. Han såg at det var godt å kvila,og at landet var fagert.Då bøygde han nakken under børaog vart ein ufri slave.

16. Dan skal dømma sitt folksom ein av Israels stammar.

17. Dan skal vera ein slange ved vegen,ein giftig orm på stigen.Han høgg hesten i hælaneså ryttaren ryk på ryggen.

18. – Eg ventar på di frelse, Herre.

19. Gad blir herja av røvarflokkar,men går sjølv til åtak og forfølgjer dei.

20. Frå Asjer kjem det god mat,han set fram kongelege retter.

21. Naftali er ei hind som spring fritt;han talar vakre ord.

22. Josef er eit ungt frukttre,eit ungt frukttre ved kjelda;greinene kliv opp etter muren.

23. Bogeskyttarane gjer han bitter,dei skyt på han og strider mot han.

24. Men bogen hans er stø,armar og hender er ledugetakka vere Jakobs Mektige,han som er gjetaren, Israels Fjell,

25. Gud til far din, han som hjelper deg,Den veldige, han som velsignar degmed signing frå himmelen der oppe,med signing frå djupet der nede,med signing frå bryst og morsliv.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 49