Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 49:23-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Bogeskyttarane gjer han bitter,dei skyt på han og strider mot han.

24. Men bogen hans er stø,armar og hender er ledugetakka vere Jakobs Mektige,han som er gjetaren, Israels Fjell,

25. Gud til far din, han som hjelper deg,Den veldige, han som velsignar degmed signing frå himmelen der oppe,med signing frå djupet der nede,med signing frå bryst og morsliv.

26. Velsigningane frå far din er rikareenn velsigningane frå dei evige fjella,enn herlegdomen til dei eldgamle høgdene.Lat dei koma over Josefs hovud,over issen på hansom er fyrste blant brørne sine!

27. Benjamin er ein jagande ulv.Om morgonen et han rovet,om kvelden deler han byttet.

28. Dette er alle Israels stammar, tolv i talet, og dette sa far deira til dei. Han velsigna dei og gav kvar av dei si eiga velsigning.

29. Jakob gav dei dette påbodet: «No skal eg bli sameina med folket mitt. Gravlegg meg då hos fedrane mine i hòla på marka til hetitten Efron!

30. Det er den hòla som er på Makpela-marka, austafor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad.

31. Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea.

32. Marka og hòla der er kjøpte frå hetittane.»

33. Då Jakob hadde gjeve sønene sine dette påbodet, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og vart sameina med folket sitt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 49