Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 49:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg fortelja kva som skal henda dykk i dagar som kjem:

2. Kom saman og høyr, de Jakobs søner,høyr på Israel, far dykkar!

3. Ruben, du er min førstefødde,mi kraft og den første frukta av min manndom,størst i heider, størst i makt.

4. Men du brusar over som vatnet,difor skal du ingen føremon ha.For då du steig opp i senga til far din,vanæra du henne– i leiet mitt steig han opp.

5. Simon og Levi er brør.Våpna deira er reiskapar for vald.

6. Mi sjel, møt ikkje i deira råd!Mi ære, ver ikkje med i deira forsamling!For i sinne drap dei menn,sjølvrådige skamskar dei oksar.

7. Forbanna er sinnet deira, for det er kraftig,og raseriet deira, for det er veldig!Eg vil splitta dei i Jakobog spreia dei ut i Israel.

8. Juda, deg prisar brørne dine,du har handa på nakken til fienden,sønene til far din bøyer seg for deg.

9. Ein løveunge er Juda!Frå byttet reiser du deg opp, son min.Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve,som ei løvinne – kven vekkjer han?

10. Septer skal ikkje vika frå Judaeller herskarstav frå føtene hanstil eigaren kjem,han som folka skal lyda.

11. Han bind eselet i vinstokken,eselfolen i den edle ranka.Han vaskar kleda sine i vin,kjortelen i drueblod.

12. Auga hans er mørkare enn vin,tennene kvitare enn mjølk.

13. Sebulon bur ved havsens kyst,kysten der skipa legg til,grensa hans går til Sidon.

14. Jissakar er eit velbygd eselsom ligg mellom to kløvkorger.

15. Han såg at det var godt å kvila,og at landet var fagert.Då bøygde han nakken under børaog vart ein ufri slave.

16. Dan skal dømma sitt folksom ein av Israels stammar.

17. Dan skal vera ein slange ved vegen,ein giftig orm på stigen.Han høgg hesten i hælaneså ryttaren ryk på ryggen.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 49