Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 48:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Men Israel strekte ut den høgre handa og la henne på hovudet til Efraim, endå han var yngst, og den venstre la han på hovudet til Manasse. Han kryssa altså armane. Men Manasse var den eldste.

15. Så velsigna han Josef og sa:«Fedrane mine, Abraham og Isak, levde for Guds andlet.Gud har vore min hyrding frå første stund til denne dag,

16. engelen som har løyst meg ut frå alt vondt.Må han velsigna gutane!Gjennom dei skal namnet mitt leva,og namnet til Abraham og Isak, fedrane mine.Måtte dei veksa og bli talrike i landet!»

17. Josef såg at faren la høgre handa på hovudet til Efraim, og han mislika det. Han tok handa til far sin og ville flytta henne frå hovudet til Efraim til hovudet til Manasse.

18. «Ikkje slik, far!» sa Josef til far sin. «For dette er den førstefødde, legg høgre handa på hovudet hans!»

19. Men faren nekta. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han skal òg bli til eit folk, han skal òg bli stor, men bror hans, som er yngre, skal bli større. Ætta hans skal bli til mange folkeslag.»

20. Så velsigna han dei den dagen og sa:«Ved deg skal Israel velsigna og seia:Måtte Gud gjera deg som Efraim og Manasse!»Han sette altså Efraim føre Manasse.

21. Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg døy. Men Gud vil vera med dykk og føra dykk tilbake til landet åt fedrane dykkar.

22. Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine. Den har eg med sverd og boge teke frå amorittane.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 48