Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 48:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter dette hadde hendt, vart det sagt til Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim.

2. Det vart meldt til Jakob at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde Israel seg sterk og sette seg opp i senga.

3. Jakob sa til Josef:Gud, Den veldige, synte seg for meg i Lus i Kanaan og velsigna meg.

4. Han sa til meg: «Sjå, eg vil gjera deg fruktbar og talrik og gjera deg til ei forsamling av mange folk. Eg gjev etterkomarane dine dette landet i eige til evig tid.»

5. No skal dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit, høyra meg til. Efraim og Manasse skal høyra meg til slik Ruben og Simon gjer.

6. Men dei borna du fekk etter dei, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei skal arva.

7. Då eg kom frå Paddan, døydde Rakel frå meg på reisa. Det var i Kanaan, eit stykke før vi kom til Efrat. Eg gravla henne der på veg til Efrat, det er Betlehem.

8. Så fekk Israel sjå sønene til Josef. «Kven er desse?» spurde han.

9. Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!»

10. Israels auge var tyngde av alder, så han kunne mest ikkje sjå. Josef førte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei.

11. Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle få sjå andletet ditt att, men no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»

12. Så tok Josef dei ned frå fanget hans og bøygde seg med andletet mot jorda.

13. Sidan tok Josef begge to og leidde dei fram til han, Efraim i den høgre handa, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre handa, til høgre for Israel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 48