Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 46:26-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans.

27. Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet.

28. Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen.

29. Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans.

30. Så sa Israel til Josef: «No kan eg døy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!»

31. Josef sa til brørne sine og dei andre i familien: Eg vil dra opp og fortelja dette til farao. Eg vil seia at brørne mine og familien min, som var i Kanaan, har kome til meg.

32. Mennene er gjetarar og lever av buskapen sin. Småfeet og storfeet og alt dei eig, har dei teke med seg.

33. Når så farao kallar på dykk og spør: «Kva har de til leveveg?»

34. skal de svara: «Tenarane dine har levd av buskapen frå ungdomen av og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen, for gjetarar er noko avskyeleg for egyptarane.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 46