Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 46:22-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Dette var sønene til Rakel, som ho fødde Jakob, fjorten i talet.

23. Son til Dan: Husjim;

24. sønene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem.

25. Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fødde ho Jakob, sju i talet.

26. Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans.

27. Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet.

28. Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen.

29. Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans.

30. Så sa Israel til Josef: «No kan eg døy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!»

31. Josef sa til brørne sine og dei andre i familien: Eg vil dra opp og fortelja dette til farao. Eg vil seia at brørne mine og familien min, som var i Kanaan, har kome til meg.

32. Mennene er gjetarar og lever av buskapen sin. Småfeet og storfeet og alt dei eig, har dei teke med seg.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 46