Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 46:14-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. sønene til Sebulon: Sered, Elon og Jahleel.

15. Dette var sønene til Lea, som ho fødde Jakob i Paddan-Aram. I tillegg fekk ho dottera Dina. I alt var det trettitre søner og døtrer.

16. Sønene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli;

17. sønene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, dessutan Serah, syster deira. Beria hadde sønene Heber og Malkiel.

18. Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Desse fødde ho Jakob, seksten i talet.

19. Sønene til Rakel, kona til Jakob, var Josef og Benjamin.

20. Josef fekk born i Egypt. Asenat, dotter til presten i On, Potifera, fødde han Manasse og Efraim.

21. Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Naaman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard.

22. Dette var sønene til Rakel, som ho fødde Jakob, fjorten i talet.

23. Son til Dan: Husjim;

24. sønene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem.

25. Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fødde ho Jakob, sju i talet.

26. Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans.

27. Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet.

28. Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen.

29. Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans.

30. Så sa Israel til Josef: «No kan eg døy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 46