Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 46:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så braut Israel opp med alt det han hadde. Då han kom til Beer-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud til Isak, far hans.

2. Gud tala til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Her er eg.»

3. Så sa han: «Eg er Gud, Gud til far din. Ver ikkje redd for å dra ned til Egypt, for eg vil gjera deg til eit stort folk der.

4. Eg går med deg ned til Egypt, men eg skal føra deg opp att òg. Og handa til Josef skal lukka auga dine.»

5. Så reiste Jakob frå Beer-Sjeba. Israels-sønene lyfte Jakob, far sin, kvinnene og borna opp i vognene som farao hadde sendt for å henta han.

6. Dei tok med seg buskapen og alle eigedelane dei hadde samla seg i Kanaan. Så kom Jakob og heile ætta hans med han til Egypt.

7. Han hadde med seg heile ætta si til Egypt, sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene.

8. Dette er namna på israelittane som kom til Egypt, Jakob og etterkomarane hans: Ruben, den førstefødde sonen til Jakob

9. og sønene hans: Henok, Pallu, Hesron og Karmi;

10. sønene til Simon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, son til ei kvinne frå Kanaan;

11. sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari;

12. sønene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan døydde i Kanaan; Peres hadde sønene Hesron og Hamul;

13. sønene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron;

Les hele kapitlet 1. Mosebok 46