Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 45:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa: «Lat alle gå ut herifrå!» Såleis var det ingen andre til stades då Josef lét brørne sine få vita kven han var.

2. Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det.

3. Så sa Josef til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk.

4. Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt.

5. Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk.

6. I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta.

7. Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 45