Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:28-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan.

29. Om de òg tek denne frå meg og det skulle skje ei ulukke med han, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.

30. Kjem eg no til far min, tenaren din, utan guten som han med heile si sjel er så knytt til,

31. då døyr han når han ser at guten ikkje er med oss. Tenarane dine kjem til å senda far vår, tenaren din, gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.

32. For eg, tenaren din, svara for ungguten framfor far vår og sa: Kjem eg ikkje att til deg med han, er eg skuldig for far min heile mitt liv.

33. Lat no tenaren din vera att som slave for herren min i staden for guten. Så kan han dra opp saman med brørne sine.

34. For korleis skulle eg kunna dra opp til far min utan guten og sjå den sorga som då ville koma over han?»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44