Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:24-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Då vi så kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre.

25. Han sa: Dra av stad att og kjøp litt mat til oss.

26. Vi svara: Vi kan ikkje dra ned utan at den yngste bror vår er med. Dreg vi utan bror vår, får vi ikkje sjå mannen.

27. Då sa far vår, tenaren din, til oss: De veit at kona mi fødde meg to søner.

28. Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan.

29. Om de òg tek denne frå meg og det skulle skje ei ulukke med han, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.

30. Kjem eg no til far min, tenaren din, utan guten som han med heile si sjel er så knytt til,

31. då døyr han når han ser at guten ikkje er med oss. Tenarane dine kjem til å senda far vår, tenaren din, gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.

32. For eg, tenaren din, svara for ungguten framfor far vår og sa: Kjem eg ikkje att til deg med han, er eg skuldig for far min heile mitt liv.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44