Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:20-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Og vi svara: Vi har ein gammal far, og han fekk ein gut på sine gamle dagar. Bror til guten er død, og han er åleine att etter mor si. Far hans elskar han.

21. Då sa du til tenarane dine: Kom ned til meg med han så eg kan sjå han med eigne auge!

22. Men vi svara herren vår: Guten kan ikkje gå frå far sin; gjer han det, døyr faren.

23. Men du sa til tenarane dine: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit saman med dykk, skal de ikkje få tre fram for meg.

24. Då vi så kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre.

25. Han sa: Dra av stad att og kjøp litt mat til oss.

26. Vi svara: Vi kan ikkje dra ned utan at den yngste bror vår er med. Dreg vi utan bror vår, får vi ikkje sjå mannen.

27. Då sa far vår, tenaren din, til oss: De veit at kona mi fødde meg to søner.

28. Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan.

29. Om de òg tek denne frå meg og det skulle skje ei ulukke med han, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44