Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:10-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen òg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.»

11. Så skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned på jorda og opna dei.

12. Han undersøkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin.

13. Då reiv dei sund kleda sine, leste på kvart sitt esel og drog tilbake til byen.

14. Då Juda og brørne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han.

15. Josef sa til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at ein mann som eg kan spå?»

16. «Kva skal vi svara, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia? Korleis kan vi visa at vi er skuldlause? Gud har funne skuld hos tenarane dine. No er vi slavane dine, herre, både vi og han begeret vart funne hos.»

17. Men Josef sa: «Det kunne ikkje falla meg inn å gjera slikt! Mannen som hadde begeret, skal vera slaven min. De andre kan dra opp til far dykkar.»

18. Då gjekk Juda bort til han og sa: «Orsak, herre. Høyr kva tenaren din har å seia, og bli ikkje sint på tenaren din, du er då sjølv lik farao.

19. Herren min spurde tenarane sine: Har de nokon far eller bror?

20. Og vi svara: Vi har ein gammal far, og han fekk ein gut på sine gamle dagar. Bror til guten er død, og han er åleine att etter mor si. Far hans elskar han.

21. Då sa du til tenarane dine: Kom ned til meg med han så eg kan sjå han med eigne auge!

22. Men vi svara herren vår: Guten kan ikkje gå frå far sin; gjer han det, døyr faren.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44