Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan sa Josef til styraren for huset sitt: «Fyll sekkene til desse mennene med korn, så mykje dei orkar å bera, og legg pengane til kvar av dei øvst i sekken!

2. Legg så begeret mitt, sølvbegeret, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa.

3. Då det vart lyst neste morgon, vart dei sende av stad med esla sine.

4. Dei drog ut frå byen, men var ikkje komne langt før Josef sa til styraren: «Set etter mennene! Når du tek dei att, skal du seia: Kvifor løner de godt med vondt?

5. Er ikkje dette det begeret som herren min drikk av, og som han spår i? Det er vondt, det de har gjort!»

6. Han tok dei att og sa dette til dei.

7. Men dei svara han: «Kvifor seier herren vår dette? Det kunne ikkje falla tenarane dine inn å gjera noko slikt!

8. Sjå, pengane vi fann øvst i sekkene våre, tok vi med oss tilbake til deg frå Kanaan. Kvifor skulle vi stela sølv eller gull frå huset til herren din?

9. Den av tenarane dine som begeret blir funne hos, skal døy, og vi andre skal vera slavar for herren vår.»

10. Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen òg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.»

11. Så skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned på jorda og opna dei.

12. Han undersøkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin.

13. Då reiv dei sund kleda sine, leste på kvart sitt esel og drog tilbake til byen.

14. Då Juda og brørne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han.

15. Josef sa til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at ein mann som eg kan spå?»

16. «Kva skal vi svara, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia? Korleis kan vi visa at vi er skuldlause? Gud har funne skuld hos tenarane dine. No er vi slavane dine, herre, både vi og han begeret vart funne hos.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44