Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:7-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss sjølve og om slekta vår. Han sa: Lever far dykkar enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Korleis kunne vi vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»

8. Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Lat oss bryta opp og dra av stad, så vi kan leva og ikkje døy, både vi, du og borna våre.

9. Eg skal svara for han; frå mi hand kan du krevja han att. Kjem eg ikkje att med han og set han framfor deg, vil eg vera skuldig for deg heile mitt liv.

10. Hadde vi ikkje drygd så lenge, kunne vi no ha nådd fram og tilbake to gonger.»

11. Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer slik: Ta med i sekkene dykkar ei gåve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnøtter og mandlar!

12. Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan levera tilbake pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene. Kanskje det var eit mistak.

13. Ta så bror dykkar, bryt opp og dra tilbake til mannen!

14. Måtte Gud, Den veldige, la dykk finna miskunn hos denne mannen, så han sender med dykk den andre bror dykkar og Benjamin. Skal eg bli barnlaus, så blir eg barnlaus.»

15. Så tok mennene med seg denne gåva, dobbelt så mange pengar, og Benjamin. Dei braut opp og drog ned til Egypt og steig fram for Josef.

16. Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til styraren for huset sitt: «Før desse mennene heim, slakt og stell til, for dei skal eta hos meg ved middagstid!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43