Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:29-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Då fekk han auge på Benjamin, bror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, han de fortalde meg om? Gud vere deg nådig, son min!»

30. Josef skunda seg bort, for kjærleiken til broren loga opp i han, så han måtte gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.

31. Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han la band på seg og sa: «Set fram maten!»

32. Dei sette fram for han og for brørne og for egyptarane som åt hos han, kvar for seg. For egyptarane kunne ikkje eta i lag med hebrearane; det var noko avskyeleg for dei.

33. Brørne fekk sitja rett framfor Josef, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast.

34. Han lét dei få av rettene på sitt eige bord, og han lét Benjamin få fem gonger så mykje som dei andre. Og dei drakk seg fulle saman med han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43