Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:20-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. «Orsak, herre», sa dei, «vi har vore her nede ein gong før og kjøpt mat.

21. Men då vi slo leir for natta og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken, det var våre eigne pengar i si fulle vekt. No har vi dei med oss attende.

22. Vi har òg med oss meir pengar til å kjøpa mat for. Vi veit ikkje kven som la pengane i sekkene våre.»

23. Då sa han: «Fred vere med dykk, ver ikkje redde! Dykkar Gud, Gud til far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Pengane dykkar har eg fått.» Så førte han Simon ut til dei.

24. Sidan førte mannen dei inn i huset til Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og han gav fôr til esla deira.

25. Og dei gjorde gåva klar før Josef skulle koma ved middagstid, for dei hadde høyrt at dei skulle eta der.

26. Så kom Josef heim, og dei bar fram gåva dei hadde med seg inn i huset, og kasta seg til jorda for han.

27. Han spurde korleis det stod til med dei. Så sa han: «Står det bra til med den gamle far dykkar som de tala om? Lever han enno?»

28. «Ja», svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din, han lever enno.» Dei bøygde seg og kasta seg ned for han.

29. Då fekk han auge på Benjamin, bror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, han de fortalde meg om? Gud vere deg nådig, son min!»

30. Josef skunda seg bort, for kjærleiken til broren loga opp i han, så han måtte gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.

31. Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han la band på seg og sa: «Set fram maten!»

32. Dei sette fram for han og for brørne og for egyptarane som åt hos han, kvar for seg. For egyptarane kunne ikkje eta i lag med hebrearane; det var noko avskyeleg for dei.

33. Brørne fekk sitja rett framfor Josef, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43