Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:19-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Dei gjekk bort til styraren for Josefs hus og tala med han ved inngangen til huset.

20. «Orsak, herre», sa dei, «vi har vore her nede ein gong før og kjøpt mat.

21. Men då vi slo leir for natta og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken, det var våre eigne pengar i si fulle vekt. No har vi dei med oss attende.

22. Vi har òg med oss meir pengar til å kjøpa mat for. Vi veit ikkje kven som la pengane i sekkene våre.»

23. Då sa han: «Fred vere med dykk, ver ikkje redde! Dykkar Gud, Gud til far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Pengane dykkar har eg fått.» Så førte han Simon ut til dei.

24. Sidan førte mannen dei inn i huset til Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og han gav fôr til esla deira.

25. Og dei gjorde gåva klar før Josef skulle koma ved middagstid, for dei hadde høyrt at dei skulle eta der.

26. Så kom Josef heim, og dei bar fram gåva dei hadde med seg inn i huset, og kasta seg til jorda for han.

27. Han spurde korleis det stod til med dei. Så sa han: «Står det bra til med den gamle far dykkar som de tala om? Lever han enno?»

28. «Ja», svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din, han lever enno.» Dei bøygde seg og kasta seg ned for han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43