Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:11-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer slik: Ta med i sekkene dykkar ei gåve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnøtter og mandlar!

12. Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan levera tilbake pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene. Kanskje det var eit mistak.

13. Ta så bror dykkar, bryt opp og dra tilbake til mannen!

14. Måtte Gud, Den veldige, la dykk finna miskunn hos denne mannen, så han sender med dykk den andre bror dykkar og Benjamin. Skal eg bli barnlaus, så blir eg barnlaus.»

15. Så tok mennene med seg denne gåva, dobbelt så mange pengar, og Benjamin. Dei braut opp og drog ned til Egypt og steig fram for Josef.

16. Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til styraren for huset sitt: «Før desse mennene heim, slakt og stell til, for dei skal eta hos meg ved middagstid!»

17. Mannen gjorde som Josef sa. Han tok dei med inn i huset til Josef.

18. Men då dei vart førte inn i huset til Josef, vart dei redde. Dei sa: «Det er vel på grunn av pengane som vart lagde tilbake i sekkene våre førre gongen, at vi blir førte hit. No kan dei overfalla oss, kasta seg over oss, gjera oss til slavar og ta esla våre.»

19. Dei gjekk bort til styraren for Josefs hus og tala med han ved inngangen til huset.

20. «Orsak, herre», sa dei, «vi har vore her nede ein gong før og kjøpt mat.

21. Men då vi slo leir for natta og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken, det var våre eigne pengar i si fulle vekt. No har vi dei med oss attende.

22. Vi har òg med oss meir pengar til å kjøpa mat for. Vi veit ikkje kven som la pengane i sekkene våre.»

23. Då sa han: «Fred vere med dykk, ver ikkje redde! Dykkar Gud, Gud til far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Pengane dykkar har eg fått.» Så førte han Simon ut til dei.

24. Sidan førte mannen dei inn i huset til Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og han gav fôr til esla deira.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43