Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Hungersnauda låg tungt over landet.

2. Då dei hadde brukt opp kornet dei henta i Egypt, sa far deira: «Dra av stad att og kjøp litt mat til oss!»

3. Men Juda svara: «Mannen åtvara oss og sa: De får ikkje tre fram for meg om ikkje bror dykkar er med dykk.

4. Dersom du sender bror vår med oss, skal vi dra ned og kjøpa mat til deg.

5. Men dersom du ikkje gjer det, dreg vi ikkje. For mannen sa til oss: De får ikkje tre fram for meg utan at bror dykkar er med dykk.»

6. Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg vondt og fortalde mannen at de har endå ein bror?»

7. Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss sjølve og om slekta vår. Han sa: Lever far dykkar enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Korleis kunne vi vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43