Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 42:29-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Så kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei:

30. «Mannen som er herre i landet, tala strengt til oss og tok oss for å vera slike som ville spionera der i landet.

31. Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar.

32. Vi var tolv brør, søner av same far. Ein av oss er ikkje meir, og den yngste er i dag heime hos far vår i Kanaan.

33. Mannen som er herre i landet, sa då til oss: Slik skal eg vita om de er ærlege: Lat ein av brørne bli att hos meg, ta så med dykk det de treng til dei som svelt heime hos dykk, og dra i veg.

34. Kom så til meg med den yngste bror dykkar. Då kan eg vita at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Så skal de få att bror dykkar, og de kan handla fritt i landet.»

35. Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei pengepungen sin der. Både dei og far deira vart redde då dei fekk auge på pengepungane.

36. Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er ikkje meir, Simon er ikkje meir, og no vil de ta Benjamin. Alt går meg imot.»

37. Då sa Ruben til far sin: «Du kan ta livet av begge sønene mine dersom eg ikkje kjem att til deg med Benjamin. Gjev han over i mi hand, og eg skal føra han tilbake!»

38. Men han svara: «Son min skal ikkje dra ned saman med dykk. Bror hans er død, og han er åleine att. Blir han ramma av ei ulukke på reisa de no legg ut på, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 42