Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 42:21-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Dei sa til kvarandre: «Sanneleg, vi er skuldige! Vi såg at bror vår var i stor naud då han bad oss om nåde, men vi høyrde ikkje på han. Difor er vi òg no komne i naud.»

22. Ruben svara dei: «Sa eg ikkje at de ikkje måtte gjera guten noko vondt? Men de ville ikkje høyra, så no blir det kravd hemn for blodet hans.»

23. Dei visste ikkje at Josef skjøna dette, for han brukte tolk.

24. Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simon og batt han framfor auga deira.

25. Josef baud at sekkene deira skulle fyllast med korn. Pengane skulle leggjast tilbake i sekkene, og dei skulle få mat med på vegen. Og slik vart det gjort.

26. Så leste dei kornet på esla og drog derifrå.

27. Men ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr der dei overnatta. Då fekk han auge på pengane, for dei låg øvst i sekken.

28. Han sa til brørne: «Pengane mine er lagde tilbake! Sjå, dei ligg i sekken min!» Med hjartet i halsen sa dei skjelvande til kvarandre: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»

29. Så kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei:

30. «Mannen som er herre i landet, tala strengt til oss og tok oss for å vera slike som ville spionera der i landet.

31. Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar.

32. Vi var tolv brør, søner av same far. Ein av oss er ikkje meir, og den yngste er i dag heime hos far vår i Kanaan.

33. Mannen som er herre i landet, sa då til oss: Slik skal eg vita om de er ærlege: Lat ein av brørne bli att hos meg, ta så med dykk det de treng til dei som svelt heime hos dykk, og dra i veg.

34. Kom så til meg med den yngste bror dykkar. Då kan eg vita at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Så skal de få att bror dykkar, og de kan handla fritt i landet.»

35. Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei pengepungen sin der. Både dei og far deira vart redde då dei fekk auge på pengepungane.

36. Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er ikkje meir, Simon er ikkje meir, og no vil de ta Benjamin. Alt går meg imot.»

37. Då sa Ruben til far sin: «Du kan ta livet av begge sønene mine dersom eg ikkje kjem att til deg med Benjamin. Gjev han over i mi hand, og eg skal føra han tilbake!»

38. Men han svara: «Son min skal ikkje dra ned saman med dykk. Bror hans er død, og han er åleine att. Blir han ramma av ei ulukke på reisa de no legg ut på, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 42