Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Då sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til å tenkja på syndene mine.

10. Ein gong vart farao sint på tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta.

11. I ei og same natt hadde vi kvar vår draum, eg og han, med kvar si tyding.

12. Det var ein ung hebrear saman med oss der, ein slave hos sjefen for livvakta. Vi fortalde han draumane våre, og han gav draumane kvar si tyding.

13. Og slik han tydde dei for oss, slik gjekk det. Farao gav meg stillinga tilbake, men bakarmeisteren hengde han.»

14. Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og henta han ut frå fangeholet. Han barberte seg og skifte klede og gjekk så inn til farao.

15. Farao sa til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen her som kan tyda han. Men eg har høyrt om deg at når du høyrer ein draum, så kan du tyda han.»

16. Josef svara: «Det er ikkje opp til meg, berre Gud kan gje eit svar som er godt for farao.»

17. Så sa farao til Josef: «Sjå, i draumen stod eg ved elvebredda.

18. Frå elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til å beita i sivet.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41