47. Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.
48. Han samla allslags grøde i dei sju åra landet fekk, og han lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene omkring.
49. Slik samla Josef treskt korn i mengder så store som havsens sand, heilt til han gav opp å rekna, for det lét seg ikkje rekna.
50. Før det første året med hungersnaud kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On.
51. Den førstefødde kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma alt mitt strev og heile farshuset mitt.»
52. Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjort meg fruktbar i landet der eg vart plaga.»
53. Dei sju gode åra i Egypt tok slutt.
54. Så byrja dei sju åra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat.
55. Då heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brød. Han sa til dei: «Gå til Josef og gjer det han seier dykk!»
56. Det vart hungersnaud over heile jorda. Då opna Josef alle lagera og selde korn til egyptarane, for hungersnauda var hard i Egypt.
57. Og heile verda kom til Egypt for å kjøpa korn frå Josef, for hungersnauda var hard over heile jorda.