Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:42-57 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. Så tok han signetringen av handa si og sette han på handa til Josef. Han kledde han i linklede og hengde ei gullkjede om halsen på han.

43. Han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa framfor han: «Bøy kne!» Slik sette farao han over heile Egypt.

44. Og han sa til Josef: «Eg er farao, men utan løyve frå deg skal ingen lyfta hand eller fot i heile Egypt.»

45. Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Sidan drog Josef omkring i Egypt.

46. Josef var tretti år gammal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Så drog Josef bort frå farao og reiste over heile Egypt.

47. Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.

48. Han samla allslags grøde i dei sju åra landet fekk, og han lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene omkring.

49. Slik samla Josef treskt korn i mengder så store som havsens sand, heilt til han gav opp å rekna, for det lét seg ikkje rekna.

50. Før det første året med hungersnaud kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On.

51. Den førstefødde kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma alt mitt strev og heile farshuset mitt.»

52. Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjort meg fruktbar i landet der eg vart plaga.»

53. Dei sju gode åra i Egypt tok slutt.

54. Så byrja dei sju åra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat.

55. Då heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brød. Han sa til dei: «Gå til Josef og gjer det han seier dykk!»

56. Det vart hungersnaud over heile jorda. Då opna Josef alle lagera og selde korn til egyptarane, for hungersnauda var hard i Egypt.

57. Og heile verda kom til Egypt for å kjøpa korn frå Josef, for hungersnauda var hard over heile jorda.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41