Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:3-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda.

4. Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.

5. Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået.

6. Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden.

7. Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.

8. Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spåmennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han.

9. Då sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til å tenkja på syndene mine.

10. Ein gong vart farao sint på tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta.

11. I ei og same natt hadde vi kvar vår draum, eg og han, med kvar si tyding.

12. Det var ein ung hebrear saman med oss der, ein slave hos sjefen for livvakta. Vi fortalde han draumane våre, og han gav draumane kvar si tyding.

13. Og slik han tydde dei for oss, slik gjekk det. Farao gav meg stillinga tilbake, men bakarmeisteren hengde han.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41