Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:27-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju år. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju år med hungersnaud.

28. Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera.

29. Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt.

30. Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet.

31. Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard.

32. Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det.

33. No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt.

34. Farao må gripa inn. Han må peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frå Egypt i dei sju åra det er overflod.

35. Dei skal samla all maten frå dei gode åra som kjem, og lagra treskt korn i byane under vakthald frå farao.

36. Maten skal vera forråd for landet i dei sju åra med hungersnaud som kjem over Egypt. Då skal ikkje landet gå til grunne av svolt.»

37. Farao og alle tenarane hans syntest godt om dette rådet.

38. Og farao sa til tenarane sine: «Finst det nokon mann som denne, ein som har Guds ande i seg?»

39. Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du.

40. Du skal styra mitt hus, og heile folket mitt skal retta seg etter det du seier. Berre når det gjeld trona, skal eg vera større enn deg.»

41. Og farao sa til Josef: «Sjå, eg set deg over heile Egypt.»

42. Så tok han signetringen av handa si og sette han på handa til Josef. Han kledde han i linklede og hengde ei gullkjede om halsen på han.

43. Han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa framfor han: «Bøy kne!» Slik sette farao han over heile Egypt.

44. Og han sa til Josef: «Eg er farao, men utan løyve frå deg skal ingen lyfta hand eller fot i heile Egypt.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41