Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:19-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt.

20. Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei første sju, dei feite kyrne.

21. Men då dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast på dei; dei var like stygge som før. Då vakna eg.

22. I draumen såg eg òg sju kornaks som voks på eitt strå, fulle og gode.

23. Etter dei skaut det opp sju andre aks, tørre, tynne og svidde av austavinden.

24. Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne forklara det for meg.»

25. Då sa Josef til farao: «Farao har hatt ein og same draumen. Gud har late farao få vita kva han vil gjera.

26. Dei sju gode kyrne er sju år, og dei sju gode aksa er sju år. Det er ein og same draumen.

27. Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju år. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju år med hungersnaud.

28. Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera.

29. Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt.

30. Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet.

31. Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard.

32. Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det.

33. No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41