Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og henta han ut frå fangeholet. Han barberte seg og skifte klede og gjekk så inn til farao.

15. Farao sa til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen her som kan tyda han. Men eg har høyrt om deg at når du høyrer ein draum, så kan du tyda han.»

16. Josef svara: «Det er ikkje opp til meg, berre Gud kan gje eit svar som er godt for farao.»

17. Så sa farao til Josef: «Sjå, i draumen stod eg ved elvebredda.

18. Frå elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til å beita i sivet.

19. Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt.

20. Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei første sju, dei feite kyrne.

21. Men då dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast på dei; dei var like stygge som før. Då vakna eg.

22. I draumen såg eg òg sju kornaks som voks på eitt strå, fulle og gode.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41