Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. To år etter hadde farao ein draum: Sjå, han stod ved Nilen.

2. Opp frå elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til å beita i sivet.

3. Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda.

4. Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.

5. Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41