Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 40:4-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Sjefen for livvakta sette Josef til å sjå etter dei og tena dei. Dei vart sitjande ei tid i forvaring.

5. Medan munnskjenken og bakaren hos kongen i Egypt sat lenkja i fengselet, hadde dei to i ei og same natta kvar sin draum med ulik tyding.

6. Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han at dei var nedtrykte.

7. Han spurde hoffmennene til farao, som sat i forvaring saman med han i huset til herren hans: «Kvifor har de så triste andlet i dag?»

8. Dei svara: «Vi har begge hatt ein draum, men her er det ingen som kan tyda dei.» Då sa Josef til dei: «Høyrer ikkje tydinga Gud til? Fortel!»

9. Så fortalde overmunnskjenken draumen sin til Josef. Han sa: «Sjå, i draumen min stod ein vinstokk framfor meg.

10. Det var tre greiner på han. Så snart han tok til å skyta knoppar, spratt blomane, og klasane vart til mogne druer.

11. Eg heldt begeret til farao i handa. Eg tok druene, pressa dei ut i begeret og gav det til farao.»

12. Då sa Josef: «Dette er slik å tyda: Dei tre greinene er tre dagar.

13. Om tre dagar skal farao opphøgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao på same måten som før då du var munnskjenken hans.

14. Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt! Gjer vel å nemna meg for farao og få meg ut av dette huset.

15. For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.»

16. Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet.

17. I den øvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane åt bakverket frå korga på hovudet mitt.»

18. Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 40