Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 40:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.»

16. Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet.

17. I den øvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane åt bakverket frå korga på hovudet mitt.»

18. Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar.

19. Om tre dagar skal farao opphøgja deg og hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.»

20. Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt farao eit festmåltid for alle tenarane sine. Då lyfte han opp overmunnskjenken og bakarmeisteren midt blant tenarane sine.

21. Overmunnskjenken gav han stillinga tilbake, så han fekk gje farao begeret,

22. men bakarmeisteren hengde han. Det gjekk slik Josef hadde tydd draumane for dei.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 40