Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 40:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter hende det at munnskjenken og bakaren til kongen i Egypt fornærma herren sin, kongen i Egypt.

2. Farao vart sint på dei to hoffmennene sine, overmunnskjenken og bakarmeisteren.

3. Han sette dei i forvaring hos sjefen for livvakta, i fengselet der Josef var fange.

4. Sjefen for livvakta sette Josef til å sjå etter dei og tena dei. Dei vart sitjande ei tid i forvaring.

5. Medan munnskjenken og bakaren hos kongen i Egypt sat lenkja i fengselet, hadde dei to i ei og same natta kvar sin draum med ulik tyding.

6. Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han at dei var nedtrykte.

7. Han spurde hoffmennene til farao, som sat i forvaring saman med han i huset til herren hans: «Kvifor har de så triste andlet i dag?»

8. Dei svara: «Vi har begge hatt ein draum, men her er det ingen som kan tyda dei.» Då sa Josef til dei: «Høyrer ikkje tydinga Gud til? Fortel!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 40