Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 4:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor ser du ned?

7. Dersom du vil gjera det gode, kan du sjå opp, men om du ikkje vil det gode, ligg synda klar ved døra. Ho ønskjer makt over deg, men du skal herska over henne.»

8. Sidan sa Kain til Abel, bror sin: {{«Lat oss gå ut på marka!»}} Og medan dei var der ute, gjekk Kain laus på Abel, bror sin, og drap han.

9. Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Er eg vaktar for bror min?»

10. Då sa Herren: «Kva har du gjort? Blodet til bror din ropar til meg frå jorda!

11. Forbanna er du! No skal du vera bannlyst frå den jorda som opna munnen og tok imot blodet til bror din frå di hand.

12. Når du dyrkar åkeren, skal han ikkje meir gje deg av rikdomen sin. Fredlaus og flyktning skal du vera på jorda.»

13. Då sa Kain til Herren: «Skulda mi er for tung å bera.

14. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.»

15. Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han.

16. Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austafor Eden.

17. Kain var saman med kvinna si, og ho vart med barn og fødde Henok. Så bygde han ein by og gav han namn etter Henok, son sin.

18. Henok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael vart far til Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 4