Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 4:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Kain var saman med kvinna si, og ho vart med barn og fødde Henok. Så bygde han ein by og gav han namn etter Henok, son sin.

18. Henok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael vart far til Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.

19. Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.

20. Ada fødde Jabal. Han vart stamfar til dei som bur i telt og held buskap.

21. Bror hans heitte Jubal. Han vart stamfar til alle dei som spelar på lyre og fløyte.

22. Silla fødde òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Naama.

23. Lamek sa til konene sine:«Ada og Silla, høyr på meg,Lameks koner, lytt til mine ord:Ein mann drep eg for eit sår,ein gut for ei skramme.

24. Kain skal hemnast sju gonger,men Lamek syttisju gonger.»

25. Adam var igjen saman med kvinna si, og ho fødde ein son og kalla han Set.«For Gud har gjeve meg eit nytt barni staden for Abel,sidan Kain drap han.»

26. Set fekk òg ein son og gav han namnet Enosj. På den tida byrja dei å kalla på Herrens namn.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 4