Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 39:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han er ikkje større i dette huset enn eg. Han har ikkje nekta meg noko utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då kunna gjera noko så vondt og synda mot Gud?»

10. Dag etter dag snakka ho til Josef, men han høyrde ikkje på henne og ville ikkje liggja med henne eller vera saman med henne.

11. Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Ingen av husfolket var inne.

12. Då greip ho fatt i kappa hans og sa: «Ligg med meg!» Men han rømde ut av huset og lét kappa vera att i hendene hennar.

13. Då ho såg at han lét kappa vera att i hendene hennar og sjølv rømde ut,

14. ropa ho på husfolket og sa: «Sjå! Mannen min har drege ein hebrear inn i huset som gjer oss til latter. Han kom til meg og ville liggja med meg, men eg ropa så høgt eg kunne.

15. Og då han høyrde at eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»

16. Så tok ho vare på kappa til herren hans kom heim.

17. Ho fortalde han den same historia: «Den hebraiske slaven som du har drege inn til oss, kom til meg og ville gjera meg til latter.

18. Men då eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 39