Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 39:7-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Ei tid etter hende det at kona til herren kasta auga sine på han. «Ligg med meg!» sa ho.

8. Men han ville ikkje og sa til henne: «Sjå, herren min treng ikkje gjera seg suter om noko i huset, han har late meg ta hand om alt.

9. Han er ikkje større i dette huset enn eg. Han har ikkje nekta meg noko utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då kunna gjera noko så vondt og synda mot Gud?»

10. Dag etter dag snakka ho til Josef, men han høyrde ikkje på henne og ville ikkje liggja med henne eller vera saman med henne.

11. Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Ingen av husfolket var inne.

12. Då greip ho fatt i kappa hans og sa: «Ligg med meg!» Men han rømde ut av huset og lét kappa vera att i hendene hennar.

13. Då ho såg at han lét kappa vera att i hendene hennar og sjølv rømde ut,

14. ropa ho på husfolket og sa: «Sjå! Mannen min har drege ein hebrear inn i huset som gjer oss til latter. Han kom til meg og ville liggja med meg, men eg ropa så høgt eg kunne.

15. Og då han høyrde at eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 39